19.06.09

OSL

Sumerferien er offisielt igang, og dette er dag ein i sumerfeiren min. Eg befinn seg i Oslo, og her skal eg oppleve følgene:

  • VG-lista Topp20-konserten på Rådhusplassen i morgon
  • Tusenfryd
  • NRK Opplevelsessenteret og NRK-butikken
  • Sjå Stortinget
  • St. Hans-feiring med Oslo Juvente

Neste stopp er Valkampskulering i Tromsø for AUF, trur eg. Detetter ber turen til Fryd på Sommerfryd Del 2, min skikkelege Juventesumarferie. Og til slutt er det Kontra, Juvente sin sumarleir og landsmøte i Stavanger. Der skal eg lage radio, kanskje for den mest lokale radiokanalen som er oppretta.

God sumar.

07.06.09

No er eg 15 år,..

…men dette er eit blogginnlegg skreve for nokre dager siden, ettersom eg er på Supervolunteers weekend på Finnsnes og kosar meg. Men no som eg fyrst har fylt femten år, her er alt eg kan gjere som eg ikkje kunne gjere før eg var femten år:

  • eg kan bli fenglsa, ettersom eg er over den kriminelle lavalderen
  • eg kan ta vanleg lønna arbeite, med mindre foreldra mine nekter meg
  • bestemme over mine eiga penger (haha)
  • velje kva vidregåande eg vil gå på
  • melde meg inn og ut av foreninger og kirkesamfunn (er Juvente en forening? Haha!
  • gå på kino med 15 års aldersgrense, åleine
  • øvelseskjøyre til ein viss grad

Kjelde: Ung.no

27.05.09

Miljødagar

I dag har det vore miljødag på skulen. Del 2/2. Då lukar ein bed og fiksar rundt på skuleplassen for å gjere det fint og kjekt, til sumaren når inga er på skulen allikevel.

Her er meg i dag:

BTW ATM skikkeli sløv. f*** blitz. Og nei, eg kjem ikkje til å oppretthalda tradisjonen med bileteblogg. Men trass alt, den buksa er best.

Me bloggast!

26.05.09

Foreldremøtar

Foreldremøtar er dritt, det seier mamma. Nei, eg er ikkje foreldre sjølv, men eg vil jammen meg ikkje bli det heller. Ikkje når det er så masse foreldremøtar. Stakkars foreldre.

Det er sikkert kjekt å dra på klassetur, eg skal ikkje si noko om det. Årets tiandeklasse har allerede vore på klassetur, til Polen. Den forrige tiendeklassa dro til Tromsø, men det er så. Me skal til Trondheim, håper me på. Men så er det pengane då, pengane som ein treng for å dra på klassetur.

Bestemor fortalte meg i stad om korleis dei gjorde det når hennar klasse skulle på klassetur. Då oppretta ho ei sparekonto for kver av elevane, og kver månad kom folk ifrå banken inn i klasserommet for at kver elev skulle setje inn penger, enten det var 10 kr, 50 kr eller ingenting. På slutten av skuleåret dro dei på klassetur. Det er ikkje lov i dag, trur eg.

I dag må me selja yoghurt og juice me tinger frå Tine, arrangere diskotek på kveldstid, selje bakevarar nokon gongar i året i skuletida og gjere masse anna dritt for å tene penger. Og no skal me arrangera loppemarked. Det er sikkert fint, for på loppemarked kan ein finne mykje rart. Eg kjøpte ei 40 år gamal reiknemaskin på garasjesal (det er tilsvarande), og kan eg nytte på loppemarkedet vårt òg.

Alt er stortsett planlagt, altså når det skal vere, kvar, kva som skal gjerest der og alt slikt. Problemet er meir at eg ikkje forstår kvifor det i dag er foreldremøte (som klassen har innkalla til), fordi foreldra skal vere med på planlegginga (på ei eller anna måte), ikkje veit eg kva måte. Dei skal sikkert også vere der, stakkars.

Poenget mitt er meir, det er elevane som skal på klassetur, ikkje foreldra. Difor tykkjer eg at dei ikkje skulle vere innblanda i så stor grad, når det er klassens arrangement.

Men så er det mor då. Ho jobbar (tilfeldigvis) på skulen min, og har 20 minuttar til jobb kver dag. Tirsdag er full dag for ho, langt over skuletid for elevane må ho jobbe. Og kver tirsdag er ho utslete når ho kjem heim frå jobb. Difor kunne korkje ho eller eg delta på møtet i dag. Det har eg full forståelse for. Nei, stakkar.

23.05.09

No er eg (les: ho) lei

Heilt siden jul 06, eller kanskje det var 05 har eg hatt ein stabil datamaskin. Ein Compaq Presario SN1610ND. I dag er ho så gamal at den ikkje finnst i Compaq/HPs databaser, og er heilt umoleg å få support på. Ho har levd lengje og vel, med båe Windows XP, Windows Vista, Windows 7 og Ubuntu installert på. Med den har eg lært korleis ein datamaskin fungerer innvendig, og eg har lært å skru inni den. Men no er det tydelegvis nok.

Seinast på fredag oppsto problemet. PC’en min susar. Vel, alle PC’ar susar, men no susar ho verre enn nokon sinne. Det er ei høg og intens suselyd som gjer ein gal i houvedet. Og det taklar eg ikkje. Og nei, det hjelp ikkje å overdøyve den med musikk eller noko. Eg taklar ikkje musikk heile tida. Og dessuten gjer det nok resten av huset gal.

Og seinast i går natt, avinstallerte eg eit program som heitar “emesene”. Det eg trudde var ein kjekk MSN-klient. Det var det ikkje, difor avinstallerte eg den. Og trur du jammen meg ikkje at avinstalleringsprogrammet klarte å avinstallerte nærast heile “programmer”-mappa mi? No ligg det kanskje fem program igjen der. Eg kan ikkje forstå anna enn at programmet er laga på den måten der. Eller at eg har gjort ein grusom feil i installeringa. Eg trur jammen meg det er på tide med ein ny datamaskin.

Jau, eg har lyst på ny datamaskin. Det koster veldig mykje penger, fleire tusen, men eg trur allikevel at eg treing ei. Og eg vil ha Mac. Eg har aldri eid ei Mac, eller prøvd ho i praksis, men eg er overbevist om at det er den beste maskina for meg. Og dessuten kjem ho med så mange fine programmer som eg kunne trengt. Også tar ho det eg allerede nyttar av programmar. Disse programma treng eg:

  • nettleser (Chrome finns vel ikkje til Mac, men same shit)
  • iTunes
  • DropBox
  • Office-program
  • MSN av eit eller anna slag
  • bileteredigering
  • videoredigering

Det kan Mac ta. Men så er det problemet med penger. Penger kjem ikkje av seg sjølv. Eigentleg kunne dei gjort det, men som mange sikkert veit har eg mine prinsipp mot konfirmasjon. Så då er det vel å tene penger. Sommerjobb kunne vore fint om eg ikkje hadde hatt så mykje å gjere. Kanskje deltidsjobb, men kor stort er tilbodet då? Eg lurer litt på om det finns deltidsjobb med heimekontor. Telefon og/eller internett t.d. Jauhuff. Forslag er fint, altså.

17.05.09

Eg har tapt 100 kr

Fordi eg vedda på at Alexander Rybak (kjekke maen) ikkje kom til å vinne. Men det gjorde han, den luringen. Og vel fortjent er det. På fredag fekk eg min Eurovision Song Contest 2009-plate i posten frå CDON.com. Det er fyrste gongen eg tinger ei skikkeleg plate frå internett, og eg fekk ei godføling av å gjere det. Sjølvom eg kunne spart 118 kr på å bruke iTunes, er eg glad. Fordi ESC i år var bra, med mange flotte artistar. Og Rybak, då.

Så må eg få lov å klage litt. Sjølvom showet frå Moskva var profesjonelt snekret sammen, øydela Synnøve Svabø det heilt. Ikkje fordi ho er ein elendig, hersleg og barnsleg kommentator, men fordi dei absolutt må snakke når det skjer noko på TV-skjermen. Det er jo båe programleiarar og andre innslag det snakkes over, og det liker eg ikkje. Difor tykkjer eg NRK skulle sende ei ukommentert versjon på ei anna kanal. Og når me snakkar om programleiarar, dei to i semifinalene var noko av det teitaste eg har sett.

Dessuten klaga mamma og bestemor over at artistane forsvinn i alt det tekniske. Då meiner dei alle bakgrunnsbildane på scenen, lysane osv., og då er det så vidt dei ser artistane. Det er eg litt einig i, og håper Noreg er litt roligare med det.

Så kjem spørsmålet til kvar me skal avholde ESC 2010. Eg trur nok det vert Oslo, men gøy hadde det vore å få det til ei anna plass i Noreg òg. Om det er plass der, då. Uansett, eg vil dit. Eg vil være i salen og feire. Kanskje me får til noko saman med Juvente? Det hadde vore kjempekjekt.

Gratulerar Noreg!

09.05.09

Nautilus & AUF & iTunes & ESC & Narvesen

AUF-bussen på tur. Her Tromsø. (C) AUF.

AUF-bussen på tur - her er de i Tromsø. (C) AUF.

I dag var eg i byen. Det var ikkje så rart, for eg skulle på Nautilus. Nautilus er ei internasjonal treningskjede, og dei har tilhaldssted her òg. Og å trene er kjekt, for då går ein ned i vekt. Dessuten er det veldig fint å trene på eit treningssenter, fordi dei har så masse lekre maskinar og apparatar der, også ser ein mange folk som òg trener – og då vert ein motivert.

Å dra på Nautilus i dag var ganske kjekt, fordi Øyvind ville ha med meg på oppstartsmøte i AUF Harstad. Nett no driv dei med å kjøyre rundt i heile landet, og var i dag i Harstad. Øyvind er allerede medlem, og eg har prøvd å bli medlem, men eg har ikkje fått noko i posten enno.

Det var nokre jenter der, men eg veit ikkje om dei blei  medlem. Martin Henriksen og nokon sentrale og regionale AUF-medlemmer var tilstede, for å informere oss om kva AUF var for noko, og kva dei sto for. Eg og Øyvind er i så fall dei einaste aktive i Harstad – men eg veit det finnes ei medlemsliste over AUF-arar i Harstad. Den skal me prøve å få tak i, slik at me kanskje får litt meir til.

Eg tykkjer Juvente òg burde dra rundt i ein turnebuss (les: varebil) og verve folk/informere om kva Juvente gjer. Det var ei veldig god idé.

Før eg og mamma kjøyrde til by

en i dag, brant eg ein CD-plate. Ein musikk-CD. Eg har ein svær samling musikk i iTunesbiblioteket mitt, men eg lytter til det så sjeldent. I bilen derimot, har me berre ein bilradio – og den får inn stortsett P4. P4 er dritt, for dei speler den samme musikken døgnet rundt. Difor brant eg ei musikk-CD. Og sjølvklart klarte enten iTunes eller bilradioen å rote det til, for noko så enkelt som å spille av ei plate kunne den ikkje. Eg fekk spelt tri songer, deretter brakk eg plata.

Om ei veke er det Eurovision Song Contest, eller ESC som det så fint heiter. Eg gler meg. Det ser ut som ei fin scene, bortsett frå at eg er redd effektene som blir brukt på den ikkje er noko fin. Rybak er absolutt kjekke mann, og eg trur han kjem ganske høgt. Topp fem er då absolutt eit mål. ESC er alltid kos, difor har eg kjøpt ny Big One-pizza og to billig-Cola frå Rema. Det voner eg deg òg til å gjere.

spendon gavekort

Og i dag var enden på visa med Narvesenepisoden min. Eg tok jo sjølvsagt kontakt med Narvesen, etter oppfordring frå kommentatorene i kommentarfeltet. Dei skreiv følgene:

Hei Petter, 
Takk for din henvendelse. 
Først vil vi få beklage hendelsen du hadde i en av våre butikker. 
Dette er svært beklagelig og skal ikke forekomme. 
Vi har en policy i Narvesen at det er lov å titte i bladene uten å kjøpe dem. 
Her har noen av våre rutiner sviktet. 

Vi vil ta denne saken videre med butikken og dens salgssjef, slik at de får sett på dette og ryddet opp. 

Takk for at du sier i fra slik at vi kan bli bedre. 

Om du sender oss din postadresse, vil vi sende deg et gavekort som plaster på såret. 
Vi håper også å kunne se deg som kunde hos oss i fremtiden. 

Med vennlig hilsen 
Markedsavdelingen 
Narvesen 

Narvesen var så snill og sendte meg eit Spendon-gavekort, praktisk talt eit gavekort på VISA. Gavekortet var på 100 kr og eg har brukt 47,50 kr, på Narvesen idag. Det tilsier at eg har 59 kr igjen. Kva skal jeg bruke dei på?

08.05.09

Aftenposten er årets nettstad

Jau, for i følje seg sjølv er sjølvaste Aftenposten.no årets nettstad – noko som Nordiske Mediedager kåra for ikkje så lengje siden. Og det må eg absolutt si meg einig i, Aftenposten.no er ein kjempeflott nettavis som siktar mykje høgare enn VG Nett. Eg les ho kver dag, og eg rådar deg til å lese ho du òg.

Når eg blir vaksen, skal eg gå på Narvesen og kjøpe Aftenposten kver dag på veg til jobb, det blir digg. Besøk Aftenposten!

03.05.09

Stand og konfirmasjon

Det var forrige laurdag at Thor-Rune, lagsleder i Juvente LoVe drog meg med på Juventestand i blåbyen Sortland. Eg hadde eigentleg ikkje lyst fordi det kostar så mykje, men han klarte det. Dessuten kjøyrde han oss frå Harstad til Sortland, og heim igjen – så kjekk er han!

Han hadde kjøpt partytelt, planlagt grillmat og vafler. Det var sånn halvveis planlagt, dog, men me fekk til noko etter to timer på div. butikkar. Øyvind var hypp på å få inn penger for FORUT, og det fungerte ganske bra. Sånn vil eg gjere her heime.

Dessutan lønner det seg ikkje å gå i t-skjorte heile dagen. I dag er eg forskjøla, og i dag er eg i konfirmasjon (sånn presis når blogginnlegget publiseres). Eg skal i konfirmasjon til ei i klassa mi – og eg har kjøpt nokre fine øredobbar, eit bilete av magedansjentane Shake It (jau, Sofie er ei av dei) og ein femtilapp. Det får halde.

Når me snakkar om konfirmasjon, har eg sjølv vald å ikkje konfirmere meg, korkje kristeleg eller humanistisk. Det er fordi eg ikkje vil, eg ikkje ser noko som helst anna grunn til det og fordi det tek tid (i undervising og planlegging) og penger (i transport til undervisning og planlegging). Også er det litt protest oppi det hele. Fordi mange konfirmerer seg fordi dei vil ha alle pengane. Det er litt sjukt. Og alle i klassen min konfimerer seg kristeleg sjølvom dei er langt ifrå kristen og har ikkje noko interesse i undervisinga. Også er han eine presten homofob så vidt eg har høyrt.

Her er forøverlig nokon bilete frå standen:

28.04.09

Fem på gata om orddeling

Eg er veldig oppteke av språk, og især orddeling/særskriving. Det veit du kanskje, for eg driv Orddelingsmafiaen saman med Øyvind. Og me liker å gjere nye og spennande ting, bl.a. å spele inn video. For nokre vekar siden var me på Tromsøtur, og der fann me nokon kjekke personar me kunne spørre om orddeling:

Hvis du trykker på videoen medan den speler av kommer du til Youtubesiden der videoen eigentleg befinn seg, og derfra kan du gjerne kommentere den. Dessuten vil me gjerne ha tilbakemelding på den, samt tips og idéar til nye videoprosjekt. Send ein e-post til post@orddeling.net.

Og som du kanskje har lagt merke til, Orddelingsmafiaen har sin egen Youtubeprofil. Her har vi også lagt ut et klipp fra Nytt på nytt hvor det ble snakket om orddeling, og det var tilfeldigvis nok episoden etter at Orddelingsmafiaen var på trykk i VG. Her kjem me til å leggje ut meir orddelingrelatert, dersom me finn noko.

28.04.09

petterhol.com

Endeleg har eg eiga domene. Endeleg. Eg har sakna det skikkeleg lenge, men før helga hoppa eg i det og tinga eit domene frå Domeneshop. Domenet er petterhol.com – petterhol fordi eg heitar Petter Holstad, og .com fordi .net ikkje passa. Det kosta 90 kr dog, mot .net kosta 70, men det får vere. Billig er det uansett.

Eg har derimot ikkje tinga vevhotell, endå eg har lyst på det òg. Det er litt deilig å ha fridom over si eiga heimeside på veven, det hadde eg eingong via nokre danske gratishotell. Om eg har eiga vevhotell kan eg tilpasse WordPress som eg vil. T.d. endre utsjånad, for eg liker ikkje bloggen min slik den er no. Også kan eg endre litt i koden kanskje, oversetje frå engelsk til norsk der det trengs osv. Problemet er berre at det kostar ekstra, og det vil eg ikkje bruke penger på. Ikkje no, i alle fall. Jau, eg hald meg til domene inntil vidare.

Snart vil eg lage ny banner/header/hode/toppbilete. Eg tenkte å kanskje lage den som eit utsnitt av ein tabloidavis. Ikkje fordi eg er så veldig glad i tabloide avisar, men eg liker den stygge utsjånaden og utforminga på dei. Det fiksar eg lett i Powerpoint.

Så velkommen til petterhol.com, altså.

26.04.09

Igjen og igjen

nokia5310

I dag er ein veldig repiterande dag for meg. I dag fekk eg meg ny mobiltelefon. Eller ny og ny, det er trass alt Øyvind som lot meg kjøpe sin gamle for 100 kr. 100 kr er ein rimeleg pris for ein mobiltelefon, især når ein ser på alle dei andre modellane på markedet. Og ikkje minst iPhone, som eg har skikkeleg lyst på. Og dessutan ga han meg sin gamle Nokia-telefon i fjor, også har eg nytta hans kronar til å ringje hit og dit. Så kronar måtte han få.

Telefonen er sålangt ganske så bra, eigentleg. Den har fine tastar, klart display og grei høgtalar ogsånn. Og det er viktig. Dessutan har den ein utgang på lydutgang på toppen, så eg kan nytte hodesettet mitt på den. Det er det kjekkaste som finns.

No nyleg fekk Thor-Rune, lagsleder Juvente Lofoten og Vesterålen (forkorta LoVe) meg til å dra på standen hans laurdag 2. mai. Han er flink til å drege med seg folk. Sist fekk han meg på stiftelsesmøte til Juvente LoVe. Men det er som gjer organisasjonsarbeite morosamt, eit sånt engesjement. Øyvind vert òg med.

Dessutan har eg lånt Dan Brown – Den digitale festning og Erlend Loe – Naiv. Super på lydbok frå biblioteket i dag. Dei har eg lest/høyrt før. Dersom du ikkje har lest/høyrt dei, så voner eg deg til det. Også har eg vore kasta ut av Narvesen i dag, men det har du kanskje fått med deg.

25.04.09

“Tyven, tyven skal du hete..”

narvesenlogo

Narvesen sin logo. (C) Narvesen.

“…for du stjal min beste venn”. Slik går songen, men det stemmer ikkje i mitt tilfelle. Eg stal ikkje den beste vennen din, eg stal ingenting, eg! Men det trudde ikkje Narvesen-dama eg møtte idag.

Jau, for i dag var eg i byen, ikkje for å gjere noko spesielt. Medan mamma var på nokre klesbutikkar, gjekk eg i banken og satte inn penger. Ettersom eg veit at mamma brukar lang tid på å kikke på klær, gjekk eg over til Narvesen som lå nokre hundre meter unna. Det er ein stor-Narvesen, altså at den har masse bladar ogsånn. Og det liker eg, for eg liker å sjå på bladar.

Så vandra eg litt rundt i butikken, såg på bladar, avisar og nye produktar i brushylla medan eg venta på mamma.  Også kjøpte eg ein sånn muffins, for å ha noko å ete på. Når eg nettopp hadde sett på ein utenlansk avis kom butikkdama bort til meg og sa meg høg stemme at dersom eg ikkje skulle kjøpe noko, skulle eg berre komme meg ut av butikken. Eg byrja litt å lure på kvifor, om dei ikkje liker kunder kanskje? Neidå, “også kan du godt sette fra deg det du har stjelt” sa ho.

I ein sånn situasjon er eg ikkje flink å komme med ord. Det er kanskje ikkje så rart når dei ansatte brasar bort til deg og trur at du stel. Eg sa at eg ikkje hadde stole noko, men gjekk lydig ut av butikken.

Som eg nevnte hadde eg vore i banken i forveien for å setje inn pengane eg hadde spart opp. Sparetreet er litt svært og klumpate, og upraktisk å ha med seg. Men eg måtte jo ha det med meg, så eg la den i hettegenserlomma. Det er nok sikkert difor dei reagerte, men dei kunne godt bedt om å få sjå kva som var i lomma. Dei kunne jo ikkje ha sett at eg hadde teke noko. Kanskje dei ikkje likte jakka mi, den fine jakka mi som har litt for mange lommer og med vottar og lue i for alle tilfellers skyld. Men å kaste meg ut, nei det forsto eg ikkje.

Især forsto eg ikkje når eg hadde kjøpt muffins, OG hadde vore i butikken såpass lenge at dei kunne danne seg eit bilete av meg. Hadde eg vore tjuv, hadde eg ikkje vore der så lenge at dei hadde lagt merke til meg.

Og når ein vert kasta ut på denne måten i ein butikk, gjer det noko med meg som får meg til å føle meg uvelkommen i andre butikkar òg. Det er ekkelt. Og nei, eg kjem ikkje til å gå dit ein gong til, med mindre eg må.

23.04.09

Idag

Old Bus av Michel Filion, lisensiert under Creative Commons

Old Bus av Michel Filion, lisensiert under Creative Commons

Eg veit ikkje heilt om det er korrekt å skrive “idag” i eit ord, men det er i alle fall (i tre ord) “i dag”. Men det er så.

Så, i dag har eg gjort noko eg har hatt lyst å gjere lenge. Tinge domene. Eg har aldri tinga eit domene før, men det har Øyvind gjort, og då har han brukt Domeneshop, fordi der kan han betale med nettbank (ettersom eg ikkje har Visa). Domenet er petterhol.com, men det er ikkje aktivt endå. Domenet skal berre sende deg hit, til bloggen min på WordPress. Nei, eg har ikkje tinga vevhotell i tillegg, ikkje i fyrste omgang. Det er derimot eg ynskjer å gjere med Orddelingsmafiaen.

I dag har mamma vore på foreldremøte for alle foreldra til ungane som tek buss til og frå skulen min kver dag. Bakerst i bussen har det vore nokon drittsekkar som har skore opp baksetet, øydelagt hodeputane, kasta skumgummibitar rundt om i bussen, øydelagt avisholdere, tagga og litt sånn forskjellig på de bakerste setane. No har foreldrane bestemt at ingen får lov å sitja bakerst i bussen lengere. Det er bra. Det er straff, og det hjelp, håper eg.

21.04.09

NSB og lærdom

Idag fant Øyvind ei overskift til meg, som passer fint i min fly forbannet-serie:

flyforbannettognsb

Dessuten har eg lært noko idag:

  1. Eg skal ikkje bruke noko meir avansert enn Word og Powerpoint til utforming, især når det er snakk om innleveringar på siste dagen
  2. Aldri opne noko Adobeprogram uten å vite kva det er og korleis det fungerar

20.04.09

Utfordring

Fordi eg fekk den hjå den flinka bloggaren Therese, tek eg denne utfordringa:

 

1. Gå innpå mine bilder/mapper.
2. Velg den 6 mappen.
3. Finn det 6 bildet.
4. Sett inn på bloggen og skriv litt om det.
5. Inviter 6 nye – link og gi beskjed om utfordringen til dem.
c3b8yvinds-versjon
Dette biletet stammar frå då eg og Øyvind snakka om korleis MOTIV (Juventes medlemsblad) hadde vore dersom eg hadde vore redaktør – og dette er Øyvind sitt bidrag. Veldig VG-inspirert, altså.
Dermed utfordrar eg:

18.04.09

Ung radio

Nett no lyttar eg på radio. Det er ein gamal FM-radio, og det er bestemor sin. Difor lyttar ho òg på radioen. No høyrar ho på NRK P2 sin Kurer – eit program om radio og medier, spesiellt nye medier. Eg vonar deg til å sjekke det ut på nrk.no/kurer.

I dag er Kurer om ungdomer og radiolytting. Ifølje dei synker antall unge som hører på radio. Det er synd, fordi radio er eit flott medium. Dei intervjuer dei nokre ungdomar som fortel at de mest lyttar på musikken når dei skal lytte til radio, ikkje innhaldet. Før satt dei limt inntil radioapparatet for å høyra på, men det er da.

Eg er ung og eg elskar radio. Først om morgonen våknar eg og lyttar til P4s radiofrokost medan eg et frukost. Det er eit greit program, fordi dei speler musikk og dei har nokre morosamme og hyggelege stemmer. Dei har nyheitsoppdateringer, vær og sport òg. Når eg sit i bilen på vei til skulen sammen med mamma, høyrar eg på programmet Buzz Out Loud frå CNET.com, eit 30-40-minutters program som speles inn kver ettermiddag norsk tid. Det er òg radio. Det sendes ikkje på P1 eller noko, og det kjem ifrå utlandet. Og eg lyttar ikkje på det direkte, mend et er radio – bare i nedlastbar form.

Når eg kjem heim igjen, slår eg på DAB-radioen eg har. Då er det vanlegvis Radioresepsjonen, men eg ventar mest på Banden. Det er eit program, som mest passer for unge der dei har diverse innslag om samfunnsaktuelle tema. Også har dei musikk, mykje musikk. Det er bra. Musikken er ung, og programleiarene er unge. Det gjer ein ung radiokanal. Programmet podkastas, så folk kan ta det med seg overalt der dei går.

Vidare kjem Juntafil på samme radiokanal, det blogga eg litt om i går. Det er òg ungt. P3 har alt i alt gjort ein god jobb med å lage ein ung radiokanal.

Så var det disse unge folka da. Når bestemor høyrar intervjuet med dei, blir ho litt småirritert. Det er fordi ho trur Noreg har berre fire radiokanalar, NRK P1, NRK P2, NRK P3 og NRK P4. Den siste fins ikkje eingong. Og ho trur at når medieforskere snakker om at ein må spele litt variert musikk ogsånn, trur hun at det går utover den einaste radiokanalen ho lyttar til, P2. Ho er redd for den yngre generasjonen som skal komme og lytte på radio. Det tykkjer eg er feil innstilling?

Kva tykkjer du skal få folk til å lytta på radio?

18.04.09

På Juntafil

Eg liker radio, og eg elskar NRK P3. Nyleg fekk programmet Juntafil ny sendetid, og då byrja eg å høyre på det. På onsdag 15. april var temaet alkohol, der ein forsker hevder at alkohol er bra for å få folk til å snakke sammen på festar o.l. Det er eg uenig i. Difor var det sånn kjekk ting at eg kunne ringe eit nummer for å seie min meining. Det gjorde eg, og jammen meg blei eg ikkje ringt opp igjen òg;

Hør intervjuet i sin heilhet her

Og jammen meg vant eg ikkje ein Juntafil-t-skjorte og -bokser!

17.04.09

Telekort

I dag sa Øyvind noko kjekt:

No har Telenor fin post i budsjettet sitt: “han mannen i Harstad som var att i 70-åra og brukte telefonboks som ikkje funka (me driv då ikkje kontroll, får vere grenser) og ville ha kompensasjon”

Og det var nettopp han eg skulle ringe, lørdag 11/4. I byen. Mobiltelefon? Åneidu, det hadde eg ikkje for hånden. Så eg gjekk til ein telefonboks. Ein fin og raud telefonboks, midt i Harstad sentrum. Eg la på 10 kr, fordi det var det minste eg hadde i smått, slo nummeret og venta på ringetonen. Og då fekk eg «Hallo». Så sa eg «Eg står LIVE i ein raud telefonboks, midt i sentrum». Men det høyrte han aldri, fordi handsettet til telefonen var øydelagt.

Eg la på 20 kr, og prøvde ein gong til. Samme resultat. Og trur du eg fekk noko tilbake på maskina? Neida, maskina tek det han får, også belastar han for det, uansett om ein ringjar lenge eller kort. I mitt tilfelle var vel total samtaletid på rundt 10 sekund. 10 sekund, og han kunne ikkje høyre meg eingong!

Eg blei så forbanna at eg måtte ta meg tid til å ringje Telenor Kundeservice. Då brukte eg VISA-kortet mitt. Han høyrte meg ikkje. Jaujau, feil kan det være på apparatet. Så gjekk videre til neste nokon tre-fire hundre meter unna. Den klarte ikkje å lese kortet mitt eingong. Det klarte den tredje automaten. Berre for å sjekke om den virka ringte eg min eiga mobiltelefon eg tilfeldigvis holdt i hånda. Trur du ikkje eg fekk opptattsignal på mi eiga mobiltelefon? Og eg blei belasta for det, så eg i nettbanken.

Då eg kom heim, ringte eg Telenor kundeservice frå eiga telefon. Det funka. Dei lova å ringe meg tilbake på temaet tirsdag 14/4. Det endte at eg måtte sitte 12 minutter med dei på eiga reikning allikevel. Mannen i andre enden forklarte meg at pengene ikkje ble veksla med ei krone eingong, og at eg praktisk talt gjennomførte samtalar. Han kunne òg fortelle meg at Telenor ikkje har noko register over sine eiga telefonbokser i Noreg. Han ga meg berre slapp beskjed om å sende inn ein feilmelding med telefonnummar på boksane.

Eg gjorde det. Her er eit sitat:

Jeg har sjekket tafikkloggen fra den betalingstelefonen og ser at det er gjennomført vellykkede anrop, både 08.04, 11.04 og 13.04. det er riktignok ikke lange samtaler som er gjennomført. Alle Telenors betalingstelefoner er tilknyttet et driftsrapporteringssystem, der de daglig rapporterer inn og hvor vi ser tilstanden samt inntjening til telefonene og dersom en feil oppstår vil vi motta en feilrapport. På telefonnummer 77061494 har vi ikke mottatt feilrapport av noe slag

Heilt tydeleg at dét ikkje fungerar, altså. Eg ba òg om kompensasjon for dei 60 kronene (30 kr for å nytte VISA-kortet, 30 kr brukt i mynter) til kontonummeret mitt. Då skriv Telenor;

Vennligst oppgi din adresse så vil jeg sende deg noen TeleKort du kan benytte for å ringe med betalingstelefoner.

Telekort. TELEKORT. Kva trur Telenor eg skal med Telekort? Eg kjem ikkje til å bruke dei drittautomatene meir, og då er det siste eg treng nokon Telekort. Men dei fekk eg i dag, tri stykk. Øyvind definerte dei ganske fint;

Dei fann berre noko i skuffa som kunne likne kompensasjon.

Det tviler eg ikkje på. Eg lurer fælt på kva eg skal nytte dei til. Forslag folkens?

Og til dei som lurar, eg fekk ringt til Øyvind tilslutt, frå Rica. All kred til dei!

13.04.09

Fremtidens medier

kameralinse-eirik-solheim-nrkbetano

Foto: Eirik Solheim/NRKbeta.no. Lisensiert under Creative Commons.

Eg har i lengere tid fulgt nettstaden NRKbeta i Google Reader, og eg må seie at det er eit kjempeflott nettsted. Men i det siste har eg dabba litt av, og ikkje lest dei flotte artiklane som er posta der sjølvom eg er kjempeinteressert i det. For nokre dagar siden starta eg å laste ned føredraget Fremtidens medier av Eirik Solheim, holdt på UiB for faktisk nøyaktig ein månad siden.

I føredraget fortel Eirik om, såklart fremtidens medier. Han går igjennom mykje av det NRKbeta har skreve om siden dei starta, altså mykje interessant om sosiale tenester som Flickr, Facebook, Twitter, YouTube o.l, samt NRK-relaterte sakar som HD og bittorrentteknologi.

Eg må seie at Eirik er ein kjempeflott føredragshalder, snakkar fint og det går ikkje an å kjede seg medan man høyrar på han. Keynotesliden er kjempefin og illustrerande. Også brukar han seg sjølv som døme i mange sammenhengar, noko som gjer det meir truverdig. 

Eg vonar deg til å sjå Eirik Solheim sitt føredrag, sjølvom det er litt langt. Det kan streamast eller bli lasta ned via bittorrent frå NRKbeta.no.