Fyrste dag på skulen
Eg hadde eigentleg tenkt å skrive eit innlegg om siste dag i fridom slik som Øyvind, men ettersom eg lette heile huset rundt etter sekken min i gårkveld fann eg heller ut at eg skulle blogge etter fyrste skuledag. Eg hadde nokre forventningar til det, og akkurat som eg venta blei det talar, pådekking til felleslunsj, og skribling av timeplan.
Så var det sumaren. Eg har hatt ein fin sumar. Eg har blandt anna vore på VG-lista Topp20 i Tromsø, Fryd på Sommerfryd ‘08 og bygga SKUR! Ellers har eg berre lata meg heime med radioen, sykkelen og Øyvind som dro fra meg heile tia. Det heile er over no. No er eg att byrja på eit nytt skuleår, som niendeklassing. Eg håpar virkeleg at dette skuleåret blir bra, for timeplanen virker ikkje noko særlig god, og LEKSAR TIL MANDAG (feilskreven?). Og du skal ikkje sjå bortifra nokon bloggpostar om skulen framover.
Og berre for å slenge det til; eg har byrja eit abonnement på Aktuelt fra TVNORGE i iTunes. Eg finn programmet kort og grett nok til å få ein oppdatering over kva som skjer i verda. Også har dei så fin opning.




