Telekort
I dag sa Øyvind noko kjekt:
No har Telenor fin post i budsjettet sitt: “han mannen i Harstad som var att i 70-åra og brukte telefonboks som ikkje funka (me driv då ikkje kontroll, får vere grenser) og ville ha kompensasjon”
Og det var nettopp han eg skulle ringe, lørdag 11/4. I byen. Mobiltelefon? Åneidu, det hadde eg ikkje for hånden. Så eg gjekk til ein telefonboks. Ein fin og raud telefonboks, midt i Harstad sentrum. Eg la på 10 kr, fordi det var det minste eg hadde i smått, slo nummeret og venta på ringetonen. Og då fekk eg «Hallo». Så sa eg «Eg står LIVE i ein raud telefonboks, midt i sentrum». Men det høyrte han aldri, fordi handsettet til telefonen var øydelagt.
Eg la på 20 kr, og prøvde ein gong til. Samme resultat. Og trur du eg fekk noko tilbake på maskina? Neida, maskina tek det han får, også belastar han for det, uansett om ein ringjar lenge eller kort. I mitt tilfelle var vel total samtaletid på rundt 10 sekund. 10 sekund, og han kunne ikkje høyre meg eingong!
Eg blei så forbanna at eg måtte ta meg tid til å ringje Telenor Kundeservice. Då brukte eg VISA-kortet mitt. Han høyrte meg ikkje. Jaujau, feil kan det være på apparatet. Så gjekk videre til neste nokon tre-fire hundre meter unna. Den klarte ikkje å lese kortet mitt eingong. Det klarte den tredje automaten. Berre for å sjekke om den virka ringte eg min eiga mobiltelefon eg tilfeldigvis holdt i hånda. Trur du ikkje eg fekk opptattsignal på mi eiga mobiltelefon? Og eg blei belasta for det, så eg i nettbanken.
Då eg kom heim, ringte eg Telenor kundeservice frå eiga telefon. Det funka. Dei lova å ringe meg tilbake på temaet tirsdag 14/4. Det endte at eg måtte sitte 12 minutter med dei på eiga reikning allikevel. Mannen i andre enden forklarte meg at pengene ikkje ble veksla med ei krone eingong, og at eg praktisk talt gjennomførte samtalar. Han kunne òg fortelle meg at Telenor ikkje har noko register over sine eiga telefonbokser i Noreg. Han ga meg berre slapp beskjed om å sende inn ein feilmelding med telefonnummar på boksane.
Eg gjorde det. Her er eit sitat:
Jeg har sjekket tafikkloggen fra den betalingstelefonen og ser at det er gjennomført vellykkede anrop, både 08.04, 11.04 og 13.04. det er riktignok ikke lange samtaler som er gjennomført. Alle Telenors betalingstelefoner er tilknyttet et driftsrapporteringssystem, der de daglig rapporterer inn og hvor vi ser tilstanden samt inntjening til telefonene og dersom en feil oppstår vil vi motta en feilrapport. På telefonnummer 77061494 har vi ikke mottatt feilrapport av noe slag
Heilt tydeleg at dét ikkje fungerar, altså. Eg ba òg om kompensasjon for dei 60 kronene (30 kr for å nytte VISA-kortet, 30 kr brukt i mynter) til kontonummeret mitt. Då skriv Telenor;
Vennligst oppgi din adresse så vil jeg sende deg noen TeleKort du kan benytte for å ringe med betalingstelefoner.
Telekort. TELEKORT. Kva trur Telenor eg skal med Telekort? Eg kjem ikkje til å bruke dei drittautomatene meir, og då er det siste eg treng nokon Telekort. Men dei fekk eg i dag, tri stykk. Øyvind definerte dei ganske fint;
Dei fann berre noko i skuffa som kunne likne kompensasjon.
Det tviler eg ikkje på. Eg lurer fælt på kva eg skal nytte dei til. Forslag folkens?
Og til dei som lurar, eg fekk ringt til Øyvind tilslutt, frå Rica. All kred til dei!




