Idag

Old Bus av Michel Filion, lisensiert under Creative Commons
Eg veit ikkje heilt om det er korrekt å skrive “idag” i eit ord, men det er i alle fall (i tre ord) “i dag”. Men det er så.
Så, i dag har eg gjort noko eg har hatt lyst å gjere lenge. Tinge domene. Eg har aldri tinga eit domene før, men det har Øyvind gjort, og då har han brukt Domeneshop, fordi der kan han betale med nettbank (ettersom eg ikkje har Visa). Domenet er petterhol.com, men det er ikkje aktivt endå. Domenet skal berre sende deg hit, til bloggen min på WordPress. Nei, eg har ikkje tinga vevhotell i tillegg, ikkje i fyrste omgang. Det er derimot eg ynskjer å gjere med Orddelingsmafiaen.
I dag har mamma vore på foreldremøte for alle foreldra til ungane som tek buss til og frå skulen min kver dag. Bakerst i bussen har det vore nokon drittsekkar som har skore opp baksetet, øydelagt hodeputane, kasta skumgummibitar rundt om i bussen, øydelagt avisholdere, tagga og litt sånn forskjellig på de bakerste setane. No har foreldrane bestemt at ingen får lov å sitja bakerst i bussen lengere. Det er bra. Det er straff, og det hjelp, håper eg.




