Verden i en blogg

2009 juli 9
by Petter

IMG_9766

Fine NRK-skiltet på Marienlyst. (CC) Petter Holstad.

Nokon gonger hender det at eg ikkje blogger på ein periode, men det skjer ting eg burde blogge om. Difor oppsummerer eg verda, slik den har vore siden sist innlegg. Og etter inspirasjon frå min gode ven Therese Paulsen si blogg, bruker eg fin punktliste.

  • sist skreiv eg kva eg skulle gjere i Oslo:
  • eg var fyrst på VG-lista Topp20-konserten på Rådhusplassen. I fjor var eg i Tromsø, men i år tok eg turen til Oslo, altså. Og eg må seie, det var heilt fantastisk. Det var masse flotte artistar der, og absolutt verdt å stå i seks timar (!) i rekn (!!)
  • eg var på opplevelsessenteret på NRK og kjøpte deileg NRK-krus.
  • eg var på St. Hans-feiring med Oslo Juvente. Og var for fyrste gong på Kirkevik. Og det må eg fortelle dykk, Kirkevik er ein fantastisk stad, og eg skulle gjerne vore der mykje lengere!
  • og Oslo er jo ein heilt fantastisk by!
  • Rett etter at eg kom heim igjen, dro Øyvind med meg på valkampskulering med AUF i Tromsø. Eg har tidligere skreve om min interesse for AUF, og valkampskuleringa var absolutt verdt. No gler eg meg til å komme igang med valkampen, og difor..
  • har eg og Øyvind tatt kontakt med alle AUF-medlemmene i Harsadområdet for å høyre om interessen for eit lokallag
  • rett etter valkampskuleringa var eg på Fryd på sommerfryd 2009. Det var eg i fjor også, og der er det også ganske fint. Også håper eg det opprettheld seg som ein tradisjon
  • mala skuret har eg òg gjort, og bilete kjem så snart eg er ferdig

Og forresten; hugser du Telekortsaka mi med Telenor? Då sa Øyvind; “Dei fann berre noko i skuffa som kunne likne kompensasjon.”. Og jammen meg byrjar eg lure på om dei har rett. For joda, trur du ikkje jammen meg eg fekk bruk for eit sånt? Joda, før VG-lista gjekk telefonen min tom for strøm, og eg trengte å ringje mamma. Eg leita heile byen rundt etter ein telefonboks og fann det utanfor Nationaltheateret (til slutt). Og trur du jammen meg ikkje Telekortet ikkje funka?

Og det måtte eg undersøke, hadde drittmaen på Telenor sendt meg UTGÅTTE Telekort som kompensasjon? Eg ringte Telenor og spurde. Dei sende meg fram og tilbake mellom privat og bedrift, men fekk til slutt svar på at Telekort gjekk ut av produksjon 1. januar. Etter det har dei visst opgradert telefonboksane i Oslo til ein nyare type, som verken tok mine Telekort eller VISA Electron. Faen ta Telenor.

Og forresten, Thor-Rune har funne ei morosom måte å blogge på. Han skal på Interrail i morgon, men har ikkje tilgong til Internett, så han får ikkje blogga direkte. Difor har han spurt meg om han kan sende meg SMS med det han vil blogge i, slik at eg kan blogge det for han. Og det skal eg gjere. Følg reisa hans på thorrune.net!

Ingen kommentarar til no

Legg att eit svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS