Val

2009 september 11

Snart er det over. Det liker eg ikkje. Måndag skal du avgjere kven som skal styre skuta videre dei fire neste åra, og måndag kan du ikkje kjøpe alkohol. Det er stemmedag. Stortingsval. Og valvake, sjølvsagt. I år har eg vore aktiv i valkampen. Ikkje at eg hadde så mykje moleghende til det før, men no kan eg politikk, parti, storting og alle andre ting ein treng vite. Eg har vore med på å påvirke folk, og eg har kosa meg skikkeleg. Men no er det altså slutt.

Ting eg har gjort i valkampen:

  • Diskutert med mamma.
  • Vore på AUFs valgkampkickoff i Tromsø.
  • Vore på stand med Harstad Arbeiderparti, og der:
    • dela ut rosar
    • dela ut brosjyrar
    • snakka med fine folk
  • Hilsa på Bjarne-Håkon Hansen.
  • Vore på stand med Skånland Arbeiderparti.
  • Hilst på ordføraren.
  • Vore aktiv i prosessen med å starte opp Harstad AUF.

Du forstår vel kva politisk fløy eg er tilknytta.

Allikevel, føler eg at eg har gjort litt for lite. Ikkje av vilje, men av kapasitet og molighende. Eg kom seint i kontakt med Harstad Arbeiderparti, og eg bor slik at det er vanskeleg å kome seg nokon plassar utan privattransport. Og redusert tid.

Ting eg ikkje har gjort i valkampen:

  • Stått enda meir på stand med Harstad Arbeiderparti.
  • Hilsa på Jonas Gahr Støre.
  • Gått på husbesøk.
  • Starta opp Harstad AUF.
  • Starta opp Harsatd AUF tidligare så me kunne ha litt aktivitet.

Men det får vere.

No dreg eg til Lillestrøm og FRISTIL Lederskolering med Juvente. Fyrst skal eg innom Oslo og sjå på valkampbodane samans med Øyvind. Allikevel betyr det at min tid i valkampen er over. Eg kjem ikkje heim før sundag, og måndag er dagen. Pokker heller. Men eg håper då indelig at du gjer det rette valet. Stem Arbeiderpartiet, eller i det minste raudgrønt. Så får du eit alternativ – til motsetning til kva veka til Jensen har vore.

Godt val.

Ei tilbakemelding leave one →
  1. 2009 september 11

    sv:
    Hehe, er helt enig med deg Petter! Jeg kan ikke forstå politikken til FrP! på skolevalget vårt, så var det også et parti som het Norges patriotene. Jeg har skrevet om det i et tidligere innlegg. Det det ble kastet flasker ogsånt i demonstrasjoner! MEN representanten fra FrP var smart nok til å si det sånn at vi ville tro på at de var det beste partiet. Han sa nesten ingenting om innvandringspolitikken, heller ikke om alkoholen! Det han la mest vekt på var Tobakken og Snusen! Hele taket løfta seg i den store arenaen, og da ga han ikke slipp på det temaet ut debatten! skjønner ikke noenting egentlig, heldigvis skal jeg ikke stemme før om fire år :)

    men, de som skriver inn gjesteinnlegg ogsånt kan skrive om hva de vil.. Så det er på en måte ikke opp til meg hva gjestebloggeren mener! Alle har sin egen mening.. Smaken er som baken, delt i TO!

Legg att eit svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS