Internett ogsånn

Ice.net-ruteren med laptop. Foto: Petter Holstad. (C) ITpro.no.
Sidan sist har eg fått nytt internett. Nei, eg har ikkje bytta leverandør frå Ice.net, men eg har skifta produkt frå USB-modem til WLAN-ruter. Eg har lånt ruteren ein gong før, då som journalist for å skrive omtale av den. Eg likte ruteren. Så vidt eg har sett er Ice.net den einaste som tilbyr ruter med mobilt breiband. Mobilt breiband er kjekt i seg sjølv – og å få det med ruter er endå kjekkare.
Aller helst vil eg ikkje ha mobilt breiband. Ikkje fordi det ikkje er kjekt, men fordi eg ikkje har behov for det. Problemet er at det er inga som gidd å levere Internett via kabel til huset vårt. Difor har eg mobilt breiband. Til tross for at det er mobilt breiband, var ruteren superrask når eg fekk den. Eg kunne for fyrste gong sjå på VGTV utan at den fekk problem, eg kunne sjå Nett-TV i høg hastighende og ned podkastar på nokre få minutt.
Gleda varte ikkje lenge.
For ei god stund sidan høyrde eg på Buzz Out Loud at den amerikanske Internettleverandøren Comcast kasta kundane sine av Internett i eit år viss dei nytta over 250 GB per månad. 250 GB er ganske akseptabelt, men den kan fort komme opp i tresifra tal når i USA kvar dei har videotenester som Hulu og sånn. Gjennom Buzz Out Loud får eg inntrykk av at amerikanar nytter veldig mykje video – og det slit jo på nettlinja.
Her heime derimot trur eg ikkje at eg blir kasta av nettet. Men nett no følast det sånn. Overstig eg bruk av 10 GB internett frå den fyrste i kvar månad, strupas hastigheita ned til 200 kbps i ei veke. Når veka er omme, får eg tilbake same hastigheita med mindre eg overstig 10 GB igjen iløp av den veka. Dét liker eg ikkje.
Det står spesifisert i avtalevilkåra til abonnementet, begrunna for å sikre at flest mulig personar får utnytta tenesta til det maksimale. Eg skal ikkje uttale meg på om dette er ei dårleg begrunnelse, men eg kan si at eg føler meg litt snytt. Tenesta kostar 400 kr månaden, og sett saman med breiband på markedet er det ikkje så høg hastigheit eg får på det fulle. Sist gong eg fekk strupa hastigheita sprengte eg grensa med det dobbelte. Det var resultat etter litt stornedlastning og Nett-TV-visning på middels kvalitet.
No må eg være på vakt. Eg må ha eit program som passer på kvar mykje internett eg bruker til ein kvar tid. Eg kan ikkje laste Youtubevideoar utan å passe på, eg kan ikkje sjå nett-TV, eg kan ikkje la iTunes stå på over natta for å laste ned. Det er fæle –og eg betalar for det. Drittløsning.





Eg hadde nok óg forventa meir om eg hadde betalt 400 kr/mnd for nett. Ærleg talt. Klag.